farvel adjø goodbye america

Kan ikkje tru at tida mi her i USA er over. Dei siste vekene har eg egentlig berre prøvd å ikkje  tenke på heimreisa i det heile tatt, men sida dei siste to dagane har bestått av pakking og avskjeder har eg begynt å innsjå at tida mi her er over.. Dette året har vert det mest minneriket året i livet mitt, eg har sett og opplevd så utrulig masse. Eg setter utrulig pris på alle som har gjort dette året mulig for meg, - mamma og pappa takk for at dåke lot meg reise sjølv om dåke var skeptiske. Tusen takk til min amerikanske familie som har tatt meg med på mange minnerike amerikanske eventyr, og tatt meg inn i familien dette året, setter virkelig pris for alt dåke har gjort for meg! ( Håpa dette gir meining med google translate Megan ;-) ) Eg er utrulig glad eg reiste på utveksling, eg angra ikkje eit sekund på at eg reiste, eg sitter igjen med så mange erfaringar frå dette året! 






- Marita

 

Waterpark

Været er så sjukt skiftande her no, i det eine augeblikket pøsregna det og i det andre er det solskinn. Vi var i vannparken omtrent heile dagen, og været skifta heile tida, men sida det va 30 grader gjorde det ikkje så masse at de regna! :-)

- Marita

Siste skuledag på Taylor High School

Endelig Ferdig med alle eksamane, og skulen er ferdig! Kan ikkje tru at tida mi på Taylor High School er ferdig. Huska fortsatt første skuledag når eg ikkje kjente nokon og gjekk rundt på skulen og leitte etter dei forksjellige klasseromma mine. Har vert eit utrulig minnerikt skuleår, eg har møtt mange fantastiske folk som vil bli savna. Siste skuledag hadde eg berre historie eksamen, studyhall og spansk, så reiste eg heim. Eg sa ikkje hadet til nokon av lærarane mine sida eg egentlig ikkje har noke forhold til nokon av dei, lol. Spesielt ikkje matte læraren min. Men eg sa hadet til helseøstra når eg henta tinga mine, ho er grei.

Starta sommarferien med min første profesjonelle baseballkamp! Var veldig kjekt, baseball er ein av favoritt sportane mine her. Baseball og basketball ligge ganske likt. Stemninga i publikum er så høg, alle er med å ropa og heia. Var ein bra start på ferien! :-)

- Marita Berge

Almost summer

Berre fire daga igjen på skulen no, eg har ikkje ein gang fire heile daga fordi eg har berre eksamen i historie og sosiologi! Måtte allerede sei hade til folk på fredag fordi seniors er ikkje på skulen neste veke, var ganske trist med tanke på at eg veit eg aldri vil sjå nokon av dei igjen.

Starta denne helga med å kjøre rundt med Chloe og Brooke, ete burger reise heim til Chloe svømme i bassenget hennas også ete pizza. Lørdag reiste er på kjøpesenteret med Lotte. Seinare såg eg "her" med Megan og Shane. Meget spesiell film. I dag laga eg min egen bamse, noko eg aldri hadde komt på å gjere sjølv. Essi hadde lyst å gjere det før ho reiste så ho spurte om eg ville vere med. Du velge din egen bamse så fylle du den med bomull, legge inn eit hjerte, velge klede og gir den eit navn. Om du ser bort fra dei lange køene og ungane som springe rundt å hyle, var det kjekt, hehe.

- Marita Berge

Galveston

Tilbrakte heile helga i Galveston med familien, var utrolig koselig! Kunne ikkje ønska bedre vær, var sol og varmt heila helga så vil tilbrakte mesteparten av tida på stranda, i bassenget eller i innsjøen ved huset. Eg klarte selvfølgelig å bli solbrent første dagen, men håpar fortsatt eg vil bli brunare når rødfargen går vekk ;Pp  Huset vi budde i var utrulig stort og fint, vi budde der med ein anna famile som er vennar av Megan og Shane. Kunne gjerne blitt der lenger, men måtte tilbake på skulen tirsdag... Er sjukt klar for skulen til å bli over no, alt vi gjer er å forbrede oss til eksamen neste veke så er utrulig kjedelig. Men er heldigvis berre under to veke igjen av skulen no! Kan ikkje tru at eg nesten er ferdig på skulen her, har berre litt over 20 daga igjen her totalt. Tida har gått så fort, prøver å  nyte siste tida mi her nede med alle så godt eg kan!  Mange bilder fra turen:








- Marita



17.mai feiring og Prom

17. Mai i Texas var sjølvsagt veldig annerledes i forhold til den normale 17.mai feiringa eg er vandt med i Norge. Eg var så heldig at eg fekk besøk av min bestevenn Kristine som har vert i Tennessee dette året. Vi åt lunsj med Megan og Rosey på taco cabana, så gjekk vi til parken der vi feira med champagne og jordbær! :-) Blei ikkje så lang feiring fordi eg hadde Prom seinare på kvelden så måtte gjere meg klar til det.  Men var utrulig kjekt å sjå Kristine igjen!

 

Sida skulen min berre har Senior Prom måtte eg bli invitert av ein senior for å få vere med, Emily inviterte meg så eg blei med i henna gruppe. Eg kjente ingen av folka i gruppa untatt Emily så var veldig klein steming i gruppa heilt til vi kom til resturaten og folk fekk presentert seg skikkelig. Vi åt middag på akvariumet downtown og Prom var på eit Hilton hotell Dowrntown. Hadde det veldig kjekt, møtte ikkje så mange eg kjente, var umulig å finne folk pga det var så mange der. Når vi skulle reise mangla vi han eine gutten i gruppa vår, vi kunne ikkje reise uten han så vi leita ei stund til vi fant ut at han ikkje hadde komt inn i det heile tatt. Han hadde blitt tatt med drugs når han skulle gå inn, så hadde han lagt fra seg mobilen i eit hotellrom og forsvunne. Ingen visste kor han var, så security folka og rektor begynte å leite og. Etter ei stund fekk vi bekjed om at vi berre kunne reise, så eg blei med Emily heim der Megan henta meg seinare. 





- Marita

Baseball game

- Marita

Soccer banquet

Fotball sesongen er endelig offisielt over! Den var ferdig for ca. ein månad sida, men i går hadde vi ein avslutningsfest der alle fekk diplomar, trenarane fekk blomster og vi åt kake. Har vert vediig kjekt å spele fotball, men også veldig slitsomt. Å måtte vere igjen to tima på skulen kvar dag blei litt slitsomt i lengda, hehe. Trur faktisk eg likte å ha trening før skulen bedre, fordi då kunne eg gå heim etter skulen å sove. No spela vi berre fotball 6.time på skulen torsdaga, og det er ikkje akkurat så masse fotball, alle går omtrent rundt på bana. Men alt i alt er eg glad eg blei med på fotball, møtte nokon fantastisk snille jenter som gjorde treningane og kampana mykje gøyare, møtte og nokon ikkje fullt så snille, haha. 


 

Alle timane vi satt inne og Alyssa prøvde ut forskjellige fletter på håret mitt som ho hadde
sett på youtube, nokon ikkje like fine som andre. 


Meg, Tahyrin, Elizabeth og Alyssa 

- Marita 

Don't mess with Texas

Kjem til å savna det varme været her så masse, elskar at det er så varmt. Dei siste vekene har det vert fra 20-35 grader her kvar dag. I dag reiste eg på ein avslutninnsfest hos Lotte og Sarina som er to er utvekslingselevar fra skulen min. Dei har eit stort basseng og ein storskjerm vi såg film på ute, var veldig koselig. Dei hadde også sukkerspinnmaskin og ismaskin. Alle kledde seg ut med nåke som hadde med Amerika å gjere. :-)

- Marita

Huset

Bastille & Powder puffff


Bastille var fantastisk! Føltes meir som ein konsert enn Demi Lovato konserten og på rodeoen, fordi vi hadde ståplassa istedenfor sete. Var utrulig gøy! Dagen etterpå på skulen var ikkje like gøy.. 

 Powder puff går ut på at senior jentene blir delt opp i forskjellige lag med senior gutta som trenera. Dei har ei turnering der dei spela mot kvarandre, og guttane er cheer leadera isteden for jentene. Alt er omtrent omvendt. Var veldig morsomt å sjå på guttane som prøvde sitt beste på å vere cheer leaders. :-) Ellers har eg det veldig bra, nyter siste tida her så masse eg kan! 

- Marita  

Gatsby gala

Sida vi har lest The great gatsby i engelsk, er det vanlig på skulen her at dei har ein gatsby gala. Det gjekk ut ut på at alle kledde seg ut i kle frå 1920-tallet, du måtte ha kledd deg ut for å få komme inn. Kvar klasse periode var i lag, så sida eg har engelsk i 3.time var eg i lag med alle dei andre engelskklassane frå 3.time. Vi hadde en danse konkurranse, kostyme konkurranse og mat. Alt skjedde på 40 minutt, så var veldig fort haha. Men sida det var fredag hadde vi enrichment etter 3. Så vi måtte vere der 40 minutt ekstra. Var ganske gøy å sjå alle sine forksjellige kostyme, så det gjorde ein vanlig skuledag ganske masse gøyare! :)

Debby,meg og sawanny

Anne (fra Norge) meg og Kaitlin

Chloe, Mirage og meg

- Marita

Rodeo

Har ikkje følt eg har vert meir i Texas enn når eg var på rodeo. Alle gjekk rundt med cowboy boots, jeans, rute skjorter og cowboy hattar.  Var på rodeoen tre dagar, første dagen var med familien. Vi gjekk rundt såg på dyra som var der, og  var på sjølve tivoli delen. Det var fleire konkurransar der ungar hadde oppdratt forskjellige dyr som dei no skulle selge. Pengane dei fekk inn på heile rodeoen gjekk til ungar sine stipend til college. Var ungar heilt frå 6 år som hadde med seg dyr som dei viste fram. På tivoliet var det ein mekanisk okse, var som regel berre unga som prøvde men var morsomt å sjå på. Både Will og Rosey prøvde var morsomt. 




Dag 2, reiste eg med dei andre utvekslingselevane i gruppa mi her. Dette var på ein fredag så det var utrulig mange folk der, trur vi køyrte rundt ein time berre for å komme inn på ein parkeringsplass for så å finne ein plass å parkere. Denne dagen reiste vi inn på sjølve rodeo showet. Der fekk vi sjå heste ridning, okse ridning og fleire forskjellige konkurransar med folk og dyr. Folk var veldig gira og salen var full av folk. Etter rodeo delen var ferdig fekk vi sjå Keith Urban synge, kunne kanskje 2 sangar men var fortsatt veldig kjekt!  Prøvde fried oreo's for første gang, var himmelsk <3 <3



Hadde ikkje planlagt å gå dag 3, men ei venninde av chloe hadde nokon bilettar ho solgte og vi hadde egentlig ikkje nokon planar så vi kjøpte bilettane og reiste, kosta berre 120 kr så var billig. Var ikkje like vanskelig å finne parkeringsplass denne dagen heldigvis! Var samme opplegget som dagen før med rodeo delen først så var det ein artist som sang. Hunter Hayes var artisten denne kvelden, ingen av oss visste egnetlig kven det var men eg hadde faktisk hørt ein av sangane hans uten at eg visste det, Chloe hadde hørt litt fleire enn meg. Pluss vi møtte folk frå skulen så det var veldig kjekt.  
 
Her skulle ungane i kvite t-skjorte fange kalvane som kom springande ut. Om dei fanga ein måtte dei dra den inn i den kvite firkanten, dei som klarte det fekk eit stipend. Var veldig morsomt å sjå på ungane prøve å dra med seg kalvane etter halen, nokon av kalvane la seg å ned nekta å flytte på seg, lol. 
 

- Marita 

Houston Zoo

- Marita

Finally Spring Break

Har venta lenge på ferie no, etter at vi ikkje har hatt noko ferie etter juleferien untatt snødagane. Heile familien pluss Lizzie, reiste til Port Aransas fredag rett etter skulen. Port Aransas er ei øy langs kysten til Texas, tok ca. fire timar for oss å køyre dit. Då vi kom fram første kvelden var det mørkt så såg ikkje så masse, men vi gjekk ein tur ned på stranda og eg fekk sjå ein sjerneklar himmel, noko som eg vanlegvis ikkje ser her.   

Lørdag stod vi opp og gjekk ned på stranda for nokre timar. Det var ikkje varmt nok til at vi kunne bade, men vi bygde sandslott, spelte fotball og seinare flaug vi med draga. Det var veldig masse vind så det var ein perfekt dag for å fly draga. Men det beste vi gjorde var å reise ut i ein båt for å sjå delfinar. Det var ingen andre på båten når vi gjekk på så vi fekk heile båten for oss sjølv, med kapteinen sjølvsagt! Vi måtte ikkje reise langt ut før vi allerede såg delfinar, og det var mange. Dei svømte rundt båten, ofte tre stykk i lag. Var vldig kjekt å sjå alle delfinane svømme rundt oss, noko eg normalt ikkje ville ha sett i Norge.  







Søndag reiste vi til eit Akvarium med alle mulige fiskar, aligatorar og haiar. Vi fekk og sjå eit delifinshow der som var veldig bra!  Showet var sett opp som "the olypics" med dommarar og konkurransar, Will blei valgt til å vere ein av dommarane så det var veldig kjekt. Vi åt middag så reiste vi tilbake slappa av og lagde cookies. Tida gjekk veldig fort og vi er allerede tilbake i Katy, men det var ein veldig bra start på ferien!  


Skal nyte resten av ferien før eg må tilbake til skulen på mandag. :-) :-)

- Marita 

Demi Lovato Konsert

!!!

Valentines Day & soccer tournament

Valentinsdagen her var sjølvsagt mykje større enn den er i Norge. Butikkane var fullt opp med valentisgavar og sjokolade, vi kunne kjøpe blomster på skulen. Vi kunne og sende "singing valentines" til folk på skulen. Det gjekk ut på at du valgte ein sang du ville at personen eller personane skulle synge, og dei ville komme inn i klassen og synge for personen. Var veldig morsomt, og folka som sang var faktisk bedre enn eg hadde trudd. To jenter frå fotballlaget bestilte ein "singing valentine"  til heile laget. Alle sammen hadde godteri og cupcakes som dei delte ut, var ein ganske grei dag egentlig. :) Vi hadde fotballkamp etter skulen og etter den reiste eg heim og sov. 
video:asd



Lørdag reiste vi på fotbbalturnering tidlig om morningen, bussen reiste 07:30. vi vant dei første kampane våre så vi kom til finalen, men vi tapte finalen. Eg fekk ikkje spelt meir enn første kampen fordi blodsukkeret mitt fekk annfall og var veldig høgt uten nokon grunn og uansett kor mykje insulin eg gav blei det berre høgre. Bortsett frå det var turneringa veldig kjekk, været var bra og eg blei solbrent.  Vi kom ikkje tilbake før klokka seks om kvelden. Eg sov over hos Lotte og Sarina som er utvekslingelevar fra Tyskalnd og Danmark. Vi såg crazy stupid Love, åt mat og berre slappa av.  

Søndag reiste vi og såg Frozen fordi vi elska den filmen, pluss åt lunsj. Avslutta helga med å sjå dei aller siste episodane av Breaking Bad med Megan og Shane, vi er no ferdig med alle sosongane.......... 








 

I det siste har eg....

...vore på basketballkamp, superbowlparty, taylors musical og vore på skulen.

hazardous weather

Var veldig gøy å vakne opp til denne meldinga i dag tidlig

Tre dagers helg igjen. :-)

- Marita

1st Soccer game

Vi vant faktisk! Og det har blitt sommar her igjen, er ganske gøy å kunne bruke shorts i januar uten å fryse ihjel.

- Marita

Kaldttt

Var faktisk kaldere her enn heime på mandag! Men er varmt igjen no så går bra. :):):)

Jul og nyttår





Etter 15 tima i bil kom vi fram til Nebraska til foreldrene til vertsmor. Eg var sjuk første dagen så var egentlig berre heime i huset der heile dagen. 24. desember kom alle søskenbarna, tantene og onklane over til huset for veksling av gavar. Huset var stappfult av folk. Om kvleden gav vi pakkane til kverandre og opna dei en etter en, starta med den yngste så oppover. Vi hadde chili, rundstykker og nachos til middag, det var tradisjonen deira å ete på julafta.  Neste morgon hadde julenissen vert i huset så alle strømpane var fulle og det var gavar under treet. Vi hadde innbakte pølser til frukost, noko som var ein tradisjon i familen til vertsfar.  Resten av tida vi var i Nebraska var vi berre heime slappa av og åt mat og hadde masse familiebesk. Det var veldig kaldt der i forhold til i Texas, men det var ikkje mykje snø, gjorde ikkje så masse for min del. Føltes ikkje akkurat ut som det var jul uten pinnekjøtt og graut, men var morsomt å få oppleve korleis dei feira her og det vil vere ei jul eg alltid kjem til å huske.

Nyttårsafta feirte eg i Texas, men ikkje i Houston sida eg reiste ut av byen til ei hytte. Såg ikkje mange rakettar, men eg hørte mange!  Og eg er 18 år no, ikkja at det er så veldig stort her sida dei kjøre som 16 åringar og drikke når dei er 21, men er kult uansett. :):)  
 

Heime igjen

Etter ein 15 timers lang biltur er vi komt tilbake til Texas. I morgon reiser eg med nokon vennar til deira lake house for å feire nyttårsafta der. Er ikkje nett og nesten ikkje deking der, så godt nytt år!

Berre 1 dag til eg er 18!!

- Marita

Christmas Break!

Endelig ferieeee. Starta ferien med å ete burger med Chloe etter skulen. Seinare reiste vi for å kjøpe inn julegava, og for å komme enda meir i julesteming reiste vi på kino og såg Frozen. Når det blei mørkt ute kjørte vi rundt i forskjellige nabolag og såg på julelys. :-)

Vi blei utfordra til å ete ein heil subway sandwish kvar, vi klarte det. Hadde ikkje ete på 7 tima så var ikkje altfor vanskelig, hehe. 

video:min film
 Eitt av husa vi kjørte forbi. 

I morgon reise eg med familen til Nebraska for å feira jul der, så kanskje eg får sjå snø igjen. Begynne å bli kaldare her no faktisk, eller er som norsk sommar. Nokon dagar er det kaldt menst nokon dagar er det for varmt- ikkje at eg klaga, eg elska at det er varmt!  


- Marita 

Finals

Skjer ikkje noko spesielt her no, dagane går berre til lesing. Har eksamen i 5 fag denna veka; engelsk, matte, spansk, teen leadership og historie. Alle faga untatt teen leadership er egentlig vanskelige. Er ganske nervøs, så ønsk meg lykke til!

- Marita

Bowlinggg

Eg vant.

- Marita

YL Camp!

Frå fredag etter skulen til søndag var eg på Young Life camp. Young Life er ein klubb for ungdommar frå kirkene her, eg reiste med nokon skular frå ein anna plass i Houston, kjente ei frå før men blei kjent med mange nye folk. Var faktisk veldig kjekt!  Vi hadde møte forskjellige tider på dagen der vi hadde konkuransar, snakka om jesus og lærte om swag. Var to menn som kledde seg ut som alvar som skulle lære oss korleis vi kunne få swag. Veit det hørest veldig teit ut, men det var veldig morsomt. Folka eg reiste med var sjuke, veldig morsommme men sjuke, haha. Sida eg ikkje kan danse i det heile tatt og alle andre her kan danse prøvde dei å lære meg nokon dansa, blandt anna "the wobble" og "how to dougie", huska ikkje navnet på dei andre..Var veldig annaledes enn leirane eg har vert på i Norge, var ikkje som eg hadde forventa i det heile tatt. Helga var over alt for fort! 
 



Vi kom tilbake til dette etter middagen, jentene i naborommet hata oss. Vi hadde twerke konkurranse mot dei seinare på kvelden. Ikkje at eg var med i konkurransen, kan som sagt ikkje danse.


Alavane forklara reglane til ein av swag leikane. 

Folka frå skulen eg reiste med! Eg er jenta bak nesten heilt til venstre med blondt hår. 

- Marita 

Thanksgiving

I dag feira vi thanksgiving med masse god mat og famile på besøk! Fyrte og i ovnen for første gang i dag, begynne å bli kaldere her no.


-Marita

Thanksgiving Break

Endelig ferie! Er berre til mandag, men er uansett ferie.

Tok pedikyr med Rosey i dag! :-)

International thanksgiving

Olivia og meg i bilen.

Eg lagde graut, folk likte det faktisk. Hadde og ein marsipangris til personen som fant mandelen i grauten.

Mat frå heile verden som utveklingselevane lagde. Masse god mat.

Eg har forresten vert her i 100 dagar i dag, tida har gått fort!

-Marita

Les mer i arkivet » Juni 2014 » Mai 2014 » April 2014
legg meg til som venn

Reiser til Katy, Texas skuleåret 13/14. Kjem til å skrive om året mitt i USA på denne bloggen. Reiser med organisasjonen STS.



marita_berge@hotmail.com





gratisdesign av Tonjemt

Follow on Bloglovin
hits